Høgt over alle hav – Historia om Peer Gynt-vegen

Wikipedia:

Peer Gynt-vegen er ein kring 60 km lang privateigd turistveg som går frå Svingvoll i Gausdal til Ruten i Espedalen. Vegen er berre open om sommaren. Det er bomveg fra Skeikampen til Gålå. Han fortset på kommunal veg forbi Fefor, men for å køyre vidare til Ruten må ein gjennom ny bom ved Hattdalsseter. Det høgaste punktet på vegen er Listulhøgda på 1068 moh. Ved Fagerhøy går det ein sideveg via Vendalen til Hundorp og fra Gålå går det veg ned til Harpefoss og Vinstra. Vegen vart opna i 1956. I motsetnad til Peer Gynt setervei, nordaust for Vinstra i Nord-Fron, går ikkje Peer Gynt-vegen gjennom område som har tilknyting til Peer Gynt-tradisjonen. Den fyrste etappen av vegen er særleg populær. Spesielt tyske og nederlandske turistar nyttar dette høvet til å kome opp i høgfjellsnatur etter berre få timars køyretur frå Oslo. Vegen vert òg nytta av sykkelturistar.

Les mer «Høgt over alle hav – Historia om Peer Gynt-vegen»

Reklamer

Ei fjelldronning – Historia om Annie Balchen

Annie Balchen i 1972
Annie Balchen i 1972

Vinternatt utpå nyåret 1980. To unggutar står ute på Prestegardstunet. Da ser dei det. Sterkt, flakkande lysskjær over Tofte. Brann, tenkjer dei vel og kjem seg opp Nordre Lia. Det er Hyggen som brenn, det vesle huset til Annie Balchen. Ho blir funne i snøen, har kome seg ut med brannsår i svidd nattkjole. Hunden Vicki og katta tok seg inn att i elden og vart borte. På sjukehuset i Lillehammer søkk ho ned i ei verd som berre er hennar og kjenner ikkje att dei som kjem for å sjå til henne. Året etter døyr ho, 77 år gamal.

Les mer «Ei fjelldronning – Historia om Annie Balchen»